Bryllup 2013

Vi gifta oss 17.august 2013 og hadde ein heilt magisk dag!! Veret spelte på lag frå morgon til kveld, gjestene var i godt humør, begge svara ja i kyrkja, og middag og fest på Storhaugen gard vart ei oppleving for livet. Det var aldri nei å få frå Storhaugen når vi kom med forslag til korleis vi ville ha ting på den store dagen. Dei var lette å samarbeide med i forkant og det var berre å ta opp telefonen og ringje dersom vi hadde spørsmål. På sjølve bryllaupsdagen var dei veldig serviceinnstilte, fleksible og kommuniserte godt med toastmaster utan at vi trengte å bekymre oss for nokon ting. Storhaugen ligg idyllisk til og det var derfor lett å finne flotte omgivnader å ta bilete i. Vi er veldig tilfredse med bryllaupsbileta! På Storhaugen får du alt du treng til den store dagen – god middag, flott vertskap, plass til mange gjestar, dansegolv, overnattingsplassar, fantastiske omgivnader, turmoglegheiter, og slik kunne vi fortsatt. Berre ta kontakt dersom dykk ynskjer meir info om korleis det var å feire bryllaup på Storhaugen Gard. Karina – karina.kolden@gmail.com  Aslak – aslaksuper@gmail.com .”

You are donating to : Greennature Foundation

How much would you like to donate?
$10 $20 $30
Would you like to make regular donations? I would like to make donation(s)
How many times would you like this to recur? (including this payment) *
Name *
Last Name *
Email *
Phone
Address
Additional Note
paypalstripe
Loading...